Sandvolleyballbane på Valle Stadion

Postet av Valle Idrottslag den 12. jun 2026

Valle IL er stolte over å kunne presentere den nye sandvolleyballbana på Valle Stadion!

Takket vere ei svært raus gåve frå Valle Sparebank sitt gavefond har prosjektet no blitt realisert, og bana står klar til bruk for alle som ønskjer aktivitet, leik og sosialt samvær.

For Valle IL handlar dette om meir enn berre eit nytt anlegg. Vi ønskjer å leggje til rette for eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn der folk i alle aldrar kan møtast til fysisk aktivitet og gode opplevingar. Sandvolleyballbana blir eit flott supplement til dei andre aktivitetstilboda på stadionområdet og vil vere ein arena for både trening, spontan aktivitet og sosialt fellesskap.

Vi vil rette ein stor takk til Valle Sparebank sitt gavefond for støtta som gjorde prosjektet mogleg. Slike bidrag er viktige for å utvikle aktivitetstilbodet i bygda og skape møteplassar som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Valle IL er glade for å kunne bidra til meir aktivitet i bygda, og vi håpar mange vil ta den nye bana i bruk gjennom sommaren og åra som kjem.

Vel møtt til sandvolleyball på Valle Stadion!

Tusen takk til Valle Sparebank sitt gavefond for støtta – og god aktivitetssommar til alle! 🏐☀️

Styret i Valle IL


Logg inn for å skrive en kommentar.